onsdag 10. september 2008

 

Blyanten - Frankfurt am Main

Blyanten er namnet på messetårnet i Frankfurt am Main, men byen har også mange andre høghus. Frå taket på Central Tower, 241 m, er det utsikt til dei fleste, oftast bankar med hovudkontor her i Frankfurt. Nokre bygningane har eit særpreg som gir dei sin eigen identitet. Den gigantiske Commerzbank (ark. Foster & Partners), 259 m, er prisbelønt for si energiløysing, men er ikkje ein av dei eg vil ta bilete av.

Rommet mellom høghusa nede på gateplanet skiftar frå frodige grøntanlegg og gode opne gater og plassar, t.d. Willy Brandt Platz, til trongare, miljøfattige og lite publikumsvenlege gatestumpar. Plasseringa av høghusa verkar tilfeldig, men eitt hovudprinsipp er likevel tydeleg. Det finst ingen høghus innanfor den historiske bykjernen/ bymuren som ein gong var der.

Spora etter bymuren frå middelalderen formar eit grøntrag rundt dei eldre delane av sentrum. Ein del eldre bygningar er gjenreist etter å ha vore bomba under 2. verdskrigen, mellom anna fleire bindingsverkshus ved den sentrale torgplassen og rådhuset Rømer. Men her er også eit lite tilpassa "Technisches Rathaus" som det har vore nemnt skulle rivast. Det har ikkje skjedd til no.

Står det eit stillas oppetter fasaden eller var dei meininga at dette skulle vera eit slags bindingsverkshus?


Kommentarer: Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]





<< Startsiden

This page is powered by Blogger. Isn't yours?

Abonner på Kommentarer [Atom]