tirsdag 7. oktober 2008

 

Stockholm

- -
Flagget i gult og blått med Stocholm sitt byvåpen, skytshelgenen St.Erik, vaiar i gråveret på plenen utanfor Stadshuset. Herifrå ville det vore triveleg å sjå meir av byen med båt, men i dag kan det vera lurt å finna transportvegar under tak, som det finst mange av i denne byen.

Tunnelbana i Stockholm blir påstått å vera verdens lengste kunstgalleri. Nokre stikkprøvar stadfestar at det finst mykje kunst på dei underjordiske stasjonane. Toga kjem ofte, og dersom ein vil ta seg tid til å sjå kunsten, må ein helst ikkje ta det første toget som kjem, men venta til neste. Her er eit døme på korleis kunsten spelar saman med rommet på stasjon Rådhuset. Ein del av ei klassisk søyle støttar taket ved perrongen i eit grotteliknande stasjonsområde. Kunstnaren er Sigvard Olsson, 1975.

I korridorane på T-Centralen er tak og vegger dekorerte av mange ulike kunstnarar. Her er arbeidsfolk på stillas framstilte i veggmaleria til Per Olof Ultvedt, 1975, med blått som hovudfarge.

T-Centralen i sentrum er det store knutepunktet i tunnelbanesystemet. Herifrå går det 2 trafikkspor i kvar retning forbi Gamla Stan til Slussen, som ligg på sørsida av det eine sundet som deler byen. På kvart spor kan det gå tog med 6 vogner kvart 2. minutt. Dersom dette sambandet skulle vore erstatta med ein bilveg med like stor kapasitet, ville det vore trong for 30 køyrefelt vert det opplyst. Å ta tunnelbana skal vera trygt og triveleg. På stasjonane kan ein lesa ei personleg melding frå stasjonsmeistaren som ser omlag slik ut.

Ein spasertur gjennom Gamla Stan høyrer med når ein er i Stockholm. I nokre av gatene ligg souvenirbutikkane tett, men samstundes vert ein stadig minna på at dette er kjernen i det gamle Stockholm, ein by som i mellomalderen ikkje var særleg større enn den vesle øya som i dag berre utgjer eit lite frimerke i den svenske hovudstaden.

Byen har vakse i mange retningar, særleg langs tunnelbanenettet. Den første linja vart teken i bruk i 1952. I mange år vart nye drabantbyar som Vällingby, Skärholmen og Farsta etablert som stasjonsbyar på linjenettet. I dei seinare åra har byfornying og transformasjon av meir sentrale område vore gjennomført. Eit av dei mest kjende områda er Hammarby sjøstad, der utbyggingsprinsippet er meir basert på ideear om "nyurbanisme" og vekt på å val av økologisk berekraftige løysingar. Ein vil ein unngå drabantbypreget og stimulera til tradisjonell kvartalsutbygging med bybana som ein del av gatemiljøet der butikkar og service ligg i 1.etasje og bustader i etasjane over. Nærleik til sjøen er med på å gje området fine miljøkvalitetar.

Også i Stockholm har det vore lagt betre tilrette for syklistane dei siste åra, og det har ført til ein kraftig auke i talet på syklistar. Biltrafikken er redusert gjennom innføring av ein trengselskatt. Her er ein roleg gang- og sykkelveg midt i Stockholm sentrum, berre nokre hundre meter frå Sentralstationen.


søndag 21. september 2008

 

Fleire byar i Belgia



Sint Niklaas
Namnet tyder på at det har noko med julenissen å gjera, og det er kanskje rett, for like framfor rådhuset står det ein skulptur av han. Men det som er mest spesielt med denne byen må vera Grote Markt, som skal vera det største torget i Belgia. Plassen har trafikkerte gater på 3 sider. For at desse trafikkårene ikke skal framstå som barrierer for gåande og syklande, er det lagt særleg vekt på å laga godt synlege kryssingar. Fotgjengarfelta har glastak, og busshaldepassar er skilt frå dei andre køyrefelta med ein skjermvegg.

I ei sone rundt plassen er det lagt tregolv, i eit materiale som gjerne vert nytta til skipsdekk. Det er godt å gå på. Langs kanten er det ei open lyssjakt ned til det store underjordiske parkeringsanlegget som er tilgjengeleg via trapper og heis, ikkje heilt ulikt, men meir originalt enn det eg har sett i Mechelen. Sidan det ikkje er torgdag eller andre arrangement på plassen, får eg ikkje sjå korleis dette bymiljøet verkar på eit tidspunkt med stor aktivitet. Men noko spesielt er det. I alle fall kan ingen vera i tvil om at dette er storstova i denne byen.


Gent - ikkje berre ein sykkelby
Frå togvindauget legg ein merke til kyrkjetårna eit stykke unna, men ei telemast har diverre teke opp konkurransen. Frå jernbanestasjonen, som ligg der toglinja tangerer byen, er det eit godt stykke inn til sentrum i byen, altså høveleg sykkelavstand. Byen er om lag like stor som Bergen i innbyggjartal, ca. 250.000. Talet på parkerte syklar ved stasjonen og i nokre av gatene i nærleiken er enormt. Frå stasjonen og innover til sentrum kan ein følgja godt merkte sykkelfelt, men her er og fleire idylliske kanalstrekningar som det går an å sykla langs dersom ein vil unngå meir trafikkerte gater.

Brusteinen er ikkje det beste å sykla på, men trass i den ristinga som syklistane blir utsette for, er det svært mange som syklar her. Det er lov å sykla i begge retningar i einvegskøyrte gater. Det går bra når fartsgrensa er 30 km/t og ein stor del av trafikken elles går med trikk og buss. Det har vel også noko å seia at mange av syklistane er studentar, dei kan få eigen sykkel på utlån. At byen er ein sykkelby vert synleggjort på fleire måtar, som her under eit massearrangement 14. september 2008.

Det går elles ikkje an å vitja Gent utan å sjå inn i fleire av dei mektige kyrkjene og den store katedralen her. Plassen framfor katedralen og kyrkjene er monumentale byrom der brustein og mursteinsfasadar utgjer golvet og veggene i rommet. Bilane er rydda vekk, nokre stader i underjordiske parkeringshus som på Sint Pietersplein. I dette moderne underjordiske parkeringsanlegget med plass til 700 bilar slepp dagslyset ned fleire etasjar under bakken.

Som dei andre kyrkjene i Gent var Sint Pieters kerk bygd i gotisk stil, men den har seinare fått barokk utsjånad med kuppel, og skal vera ei etterlikning av St. Ignatiuskyrkja i Roma (som eg også har besøkt).

I Sint Baafs katedralen finst det mest kjende kunstverket her, eit meisterverk som også har fått stor plass i kunsthistoria. Det er ei altertavle, datert 1432, som vert halden i eit klimakontrollert rom bak ein tjukk glasvegg i eit kapell inne i katedralen. Meistarverket er måla av brørne Jan og Hubert van Eyck og har tittelen "Lammets tilbedelse". I alt består den store altertavla av 20 biletfelt, som er svært detaljrike. Ein godt kvalifisert guide vil trenga god tid for å gjennomgå innhaldet og symbolikken i bileta. Her er eit lite utsnitt av brystkleda og smykket på sjølvaste Gud Fader.


Brügge

Brügge står på UNESCO si verdsarvliste, og det er vel fortent. Difor er sentrum av byen full av turistar. At det er folk i byen er viktig for at gatemiljøet skal bli levande og gje lønsam drift for handels- og serviceverksemder. Men ein by der gatelivet er dominert av turistar kan bli for mykje prega av souvenirbutikkar, grupper på omvisning og ventande bussar i randsona utanfor. Markt er den store torgplassen, dei gotiske gavlfasadane har stått der i rundt 600 år, men dei har nok også vore fornya gjennom hundreåra. Nokre av dei mest representative bygningane fekk nygotisk stil på 1800-talet.

Ingen som går inn på denne store plassen kan unngå å få med seg klokketårnet på 83 m, som vart fullført slik det står i dag i 1486. Tårnet ruvar over det store industri- og handelshuset for klesvarer, som mykje av næringslivet i middelalderen både i Brügge og andre byar i Flandern var basert på. Brügge var ein gong ein stor handelsby der varer kom inn sjøvegen og tårnet var byens landemerke, slik det framleis er, men også eit uttrykk for makt og rikdom. For oss i dag ser tårnet ut til å vera heilt ute av proposjonar i høve til den undertrykte bygningen det står på.

Sjølv om det historiske Brügge er godt bevart, har byen også nye bygningar, som til dømes ein moderne konserthall. På den store plasssen i nærleiken står det fleire skulpturar rundt ein fontene, mellom anna denne morosame gruppa med syklistar laga av Stefaan Depuydt and Livia Canestraro. Her er bilane fjerna frå overflata ved at ei gjennomgåande hovudgate er lagt i tunnel under plassen.


Kortrijk
Denne byen ligg ikkje langt frå den franske grensa. Likevel høyrer byen til Flandern. Byen har hamn fordi kanalar for skipstrafikk går gjenomm åker og eng heilt inn hit. Mange av byane i Belgia har klokketårn (Belfort) som er gitt vernestatus gjennom UNESCO. Slik er det også med klokketårnet i Kortrijk som står på Grote Markt. Der finn vi sjølvsagt også rådhuset.

Ein plass i nærleiken, Schouwburgplein, har fått underjordisk parkering. Her slepp ein å manøvrera seg mellom parkerte bilar over plassen. Nedkøyringa til parkeringsanlegget er markert med ein moderne portal i stål så vidt synleg til venstre på biletet, og talet på ledige plassar er vist på ei lystavle.
Syklane er pent parkert i eit parkeringsanlegg langs perrongen på stasjonen. Her har dei forstått kor viktig det er at avstanden frå sykkelen til toget er så kort som mogleg.


Aalst
På veg til Aalst med tog, den nest siste av byane, er spørsmålet: Har den same hovudform og innhald av sentrale byplanelement som dei andre? I så fall ventar eg å finna ein sentral plass, Grote Markt, med ei stor kyrkje eller katedral i nærleiken, eit rådhus, eit par hovudgater som fører inn til plassen, kanskje eit klokketårn, ein alternativ plass i tillegg til den sentrale torgplassen, gater som utgjer ein ring rundt sentrum, ein kanal for skipstrafikk ikkje langt frå sentrum og ein jernbanestasjon med ein større plass for busstrafikk m.m. i nærleiken av sentrumsringen.

Eg går av toget. Jernbanestasjonen er eit fint byggverk frå tida då bana vart bygd. Eg går over plassen og finn gata som fører til Grote markt, eit tinghus, eit rådhus, ei stor kyrkje .... Det meste stemmer her også. Altså har eg funne "koden". Her er det fine klokketårnet og litt av det gamle tinghuset i Aalst.

I Aalst møter eg elles på eit bymuseum der det står ei utstilling av kreative påfunn med kommentarar til vår eiga tid. Her kunne eg mellom anna sjå denne mobile motorvegen, som kunstnaren Jan Bernard Koeman tydlegvis meinte måtte vera svært praktisk. - Unngå kø når du skal ut i trafikken. Ta motorvegen med deg, sjølv om den er plassert på ein tilhengjar !


Brüssel - Bruxelles
Brüssel ligg eigentleg i det flamske området, men er meir knytt til den franske delen av Belgia. Byen er den nye hovudstaden i Europa, og dette er i ferd med å setja sitt preg på byen. Den eldste delen av sentrum er ikkje utsett for vesentleg ombygging, men andre delar med nyare bygningar frå tidleg etterkrigstid er alt i ferd med å bli fornya.

Grand Place (fransk) er den plassen alle bør sjå, men her ofte ein flaum av turistar. Spesielt stor er tilstrøyminga den helga i august då plassen er pryda med blomster slik den var denne gongen. Plantene i alle fargar som utgjer golvteppet på plassen er belgisk Begonia, noko det ikkje vert lagt skjul på i reklamen.

Ikkje langt frå Grand Place ligg eit av dei første galleria med glastak som vart bygde i fleire storbyar då teknikken gjorde det mogleg. Galeries Royales Saint-Hubert vart bygd i 1846. Ein del finare butikkar finst her, men serveringsstadene har overteke noko av plassen, for dei mange tilreisande til byen må ha mat under opphaldet, gjerne i desse historiske omgjevnadene. Førebels er det god plass ved borda, så her er det berre å slå seg ned, ta fram kartet og telja over kor mange byar det kan vera i Belgia.
Den byen som er nemnt i ein av Aleksander Kielland sine romanar, ka for ein by var no det?


fredag 19. september 2008

 

Byar i Belgia - Flandern

- -


Leuven - den gamle universitetsbyen
Leuven har eit overdådig pynta sein-gotisk rådhus (1448 - 1469) som nesten er til å le av. I nisjer i fasaden er det plassert heile 236 skulpturar. Framfor rådhuset ligg Grote Markt og katedralen St. Peter's Church (1425–1500). Manifestasjon av verdsleg og religiøs makt ved den store møteplassen, torget Grote Markt midt i byen, er typisk for utforminga av mange byar frå mellomalderen. Like ved ligg dessutan Oude Markt (det gamle torget) og Bloemenmarkt, og litt leger borte ved ein kanal ligg Vismarkt (fisketorget).

Leuven har eit stort katolsk universitet, men på grunn av fundamental usemje, er det oppretta eit nytt universitet i ein by som er kalla Louvain la Neuve i den franske delen av Belgia litt sør for Brussel. Sidan byen ikkje ligg i Flandern, må den utstå til eit seinare høve. Godt at det finst fleire byar i Belgia.

Hasselt - byen med gratis kollektivtrafikk
Ja, det er sant, det er gratis å reisa med bussane i Hasselt, og det har det vore i meir enn 10 år. I staden for å bruka budsjettmidlar til å utvida og regulera biltrafikken, har dei prioritert tiltak for kollektivtrafikken. Frå stasjonen og inn til Grote Markt går det ofte bussar, det gjer det også på ringvegen rundt sentrumskjernen. Studentar og transportforskarar reiser gjerne til Hasselt for å sjå kva dei har oppnådd med transportpolitikken sin. Andre ?- dreg på studieturprega ferie eller ferieprega studietur til byen med ca. 77.000 innbyggjarar.

Rundt Grote Markt er det fleire gågater med mange handels- og serveringstilbod. Stroket held på sin posisjon som sentrum og møteplass i byen. I tillegg til Grote Markt har byen Vismarkt og Fruitmarkt - det forstår vi også på norsk. Gågateområdet vart utvida i 2008 (med gult) og ringvegen er blitt ein aveny som har fått eit fotgjengar- og grøntbelte langs midten.
Byen hevdar elles å vera best på "den gode smaken", som eg tolkar må ha med mat å gjera .

Diest
Neste by Diest, "een bruisende stad" (ein travel/levande by), er vesentleg mindre enn Hasselt. Eg stoggar for å sjå om byen har dei same kjenneteikna som andre av dei eldre byane her i Aust- Flandern. Ringvegen, eit sentralt torg, rådhus, ei storslått kyrkje - alt er der, sjølv om kyrkjetårnet aldri vart ferdig. Konkurransen om å byggja høgare tårn enn andre har vore krevjande for mange av byane.

I Diest finst restar av gamle festningsverk med vollgrav/kanal, som er synleg i nærleiken av ringvegen. Jernbanen og stasjonen, som er vesentleg yngre enn middelalderbyen, tangerer byen på utsida av kanalen. Såleis har jernbanen ikkje gjort særlege inngrep i den gamle bystrukturen. Avstanden frå stasjonen og inn til midtpunktet i byen er ikkje større enn at ein kan gå til fots sjølv om det også går buss.

Lier
Her kan eg underskriva det andre har sagt før: "Unspoiled by mass tourism, the small but beautiful city of Lier lies waiting to be discovered by those who love a friendly and pleasant atmosphere in a beautiful setting, rich in monuments. Lier lies inbetween the cities of Antwerp and Mechelen and at about 45 minutes from Brussels."

Det astronomiske uret, laga av Louis Zimmer ca. 1930, er ein av attraksjonane i denne byen som er verd å sjå. Uret vart laga til hundreårsjubilet for landet Belgia etter delinga av Nederland i 1830. Urverket vart vist fram på verdsutstillinga i Brüssel i 1935. På plassen framfor tårnet er planetane sine baner teikna inn med den blå himmelen som bakgrunn.


Sett ovenfrå liknar byen mykje på andre byar i Flandern. Lier har som dei andre byane ein sentral torgplass, Grote Markt, fleire andre torgplassar, rådhus med klokketårn, ei stor kyrkje, kanalar som omkransar den eldre delen av byen, spesielle nonnebustader "beguinhof" (UNESCO-verdsarv) og ei toglinje som tangerer byen.


Mechelen
I Mechelen ruvar tårnet på St. Rumboldskatedralen på lang avstand. Tårnet skulle eigentleg vore nesten dobbelt så høgt, 167 m. Her er det sett frå Grote Markt.


Mechelen er i same storleik som Hasselt. Her er også fleire sentrumsgater bilfrie, men det er mogleg å køyra heilt fram til sentrale underjordiske parkeringsnalegg, mellom anna både under Grote Markt og Veemarkt (storfemarkedet).

Med heis eller trapp kjem ein opp på torgplassen. Konstruksjonar med mykje glas er brukte for å gjera heis- og trappeanlegg minst mogleg dominerande.

Den spesielle rådhusfasaden (ovanfor) og dei særprega husgavlane rundt heile plassen gjer Grote Markt til ein storslått plass.

Ved Veemarkt ligg Sint Pieter en Paulus kerk som gjer den trekanta plassen til eit meir høgtidleg og vakkert rom.




Antwerpen
Namnet på byen kunne vore Handwerpen etter legenden om ei kjempe som krov toll av alle som kryssa elva Schelde, og dei som ikkje kunne betala for seg fekk handa avhogd. Ein dristig romersk soldat med namnet Brabo tok opp kampen og greidde å hogga handa av kjempa og kasta ho i elva. Det finst også andre meir naturlege forklaringar på bynamnet. Likevel har skulpturen framfor det monumentale og flaggpryda råduset nettopp denne legenden som motiv.

Antwerpen overtok som ei viktig verdenshamn etter at sjøtilkomsten til den andre hamnebyen Brügge vart vanskelegare ein gong på 1500-talet. Frå denne blomstringstida har byen store kunstskattar. Den gigantiske katedralen "Onze Lieve Vrow Kerk" tok det meir enn 200 år å byggja. Også her måtte dei avslutta bygginga på eit tårn før det var ferdig, men det eine tårnet på 123 m er fullført.

I nærleiken av katedralen står skulpturen av den store kunstnaren Petro Paulo Rubens, som voks opp i Flandern, hadde ei læretid i Italia, også eit lengre opphald i Spania inntil han slo seg ned for godt i Antwerpen. Inne i katedralen er det store målarstykke på frittståande altertavler signert av Rubens som det ofte vert vist til i kunsthistoriske bøker: "Krossen vert reist"(1611) og "Nedtakinga frå krossen "(1614). Dette er sentrale bibelske motiv som mange biletkunstnarar har arbeidd med. Rubens si framstilling av av desse hendingane er kanskje mellom dei mest gripande. Detalj frå ei av altertavlene:

Med desse store kunstskattande innafor veggene er det ingen grunn til å gå og driva i gatene. Koninklijk Museum for Schone Kunsten er ein labyrint av utstillingsrom som ein treng god tid på å gjennomgå. Her finst og døme på at menneskja strevar mot det himmelske, som det å byggja høge tårn på katedralar eller på andre måtar. Babels tårn kjenner vi frå bibelhistoria er malt i fleire variantar. Eit av bileta (frå ca. 1560) til Pieter Bruegel d.e. heng i Antwerpen.


Gjennom historia har ulike folkeslag slått seg ned i Antwerpen. I ein del av byen var syklistane utrusta med påfallande ortodokse klesbunder. Dette stemmer godt med opplysningar som er å finna i leksikon.

Her skulle eg også fortalt om den unike undersjøiske fotgjengar- og sykkeltunnelen med rulletrapper og heis, og ikkje minst om dei utstilte diamantane, som berre er å sjå i butikkvindaugo i opningstida, men det må bli ein annan gong.

onsdag 17. september 2008

 

Madrid - kunst, historie og nye visjonar

Madrid er kjend for å ha fleire store kunstmuseum, Prado, Reina Sofia og Tyssen-Bornemisza, som alle har utvida og fått plass til å visa dei store samlingane sine. I tillegg er CaixaForum ein ny kunst- og kulturinstitusjon som ligg i ein ombygd kraftstasjon mellom dei andre musea i hovudgata, Paseo del Prado 36. Dei sveitsiske arkitektane arkitektane Jacques Herzog og Pierre de Meuron har gjort veggflatene på plassen framfor bygningen svært spennande mellom anna med denne blomstrande vertikale hagen på ein tilgrensande bygning og ein rustraud perforert vegg på sjølve kulturbygget.

Spania har gjort store økonomiske framskritt i åra etter Franco-regimet, kanskje eit resultat av at demokratisk fridom har gitt auka verdiskaping og at ein stor turistindustri har vakse fram. Reiselivet er ikkje berre basert på solbadarar, men også kulturinteresserte og kjøpesterke forretningsfolk. I Madrid kjem dette til uttrykk mellom anna i form av nye byggeprosjekt. Elegant og litt minimalistisk, men med særpreg reiser nye skyskraparar seg langs ei av innfartsårene i Cuatro Torres Business - området.


Her ser vi frå venstre Torre Caja Madrid, 250m høg, (ark:Fosters & Partners), Torre Sacyr Vallehermoso, 52 etg. , ein del av Torre de Cristal, og utanfor biletet ligg Torre Espacio. Langs hovudgata framfor skyskarparane er det eit romsleg fotgjengarstrok som snart vil bli befolka av dresskledde forretningsfolk og utandørs serveringstilbod.
Lenger innover mot sentrum ligg flere elegante høghus, Torre Picasso og Torre Europa, men det er dei to tårna som er kalla Europaporten, Puerta de Europa, med ein helningsvinkel på 15 grader som tek prisen. Hit må ein berre ta med seg kamera og fotografera.


I framgrunnen ruvar (fotografen har juksa litt her) eit minnesmerke over Calvo-Sotelo, som vart gravlagt etter 3 dagars landesorg den dagen dette biletet vart tatt. Han vart medlem i regjeringa då Franco-diktaturet tok slutt. Då han skulle overta som statsminister i 1981, vart det gjort forsøk på militærkupp, men etter at det vart slått ned, kunne han halda fram som statsminister. Den demokratiske utvikinga i åra etter kan bidratt til den velstandsutviklinga som landet har opplevd, noko som også kanskje er grunnen til at Calvo-Sotelo vart særleg høgt respektert.

Slik vil det sjå ut om eit års tid på plassen mellom dei to skråstilte høghusa, Plaza de Castilla. Casa Madrid (banken) vil markera sitt 300 års jubileum med ein gigantisk bauta, ein obelisk av bevegelege messingrøyr forma av arkitekten Santiago Calatrava. Obelisken, som vil bli svært kostbar, understrekar at denne byaksen skal ha høg status.

Tilbake i den gamle bykjernen gjer det godt å slå seg på ein fortauskafe på eit tilfeldig gatehjørne. Her i sentrum er gatenamna brent inn på keramikkflisar og montert opp på husveggene. Det er dekorativt og varig. Marques Viudo de Pontejos er ikkje eit kjent namn, men når ein har først har tatt bilete av skiltet, kunne det også vera greit å vita kven han var. Mykje tyder på at han var grunnleggjar av ein sparebank som i dag byggjer den høgaste skyskraparen i Madrid, Torre Caja Madrid, som eg nyleg har studert. Det er same banken som står bak planen om den bevegelege obelisken som eg la merke til i eit avisoppslag!
Elles er dette namnet på ein flink "skomakar" : José Luis Rodríguez Zapatero.

fredag 12. september 2008

 

Valencia - elveparken

Ciudad de las Artes y las Ciencias, byen Valencia, har verdens lengste bypark i ei tørrlagd elv: El jardi del Turia.

Den 7-8 km lange Turiaparken er eit parkdrag med mange idrettsanlegg, plassar for mange slags aktivitetar og i den nedre delen ei fantastisk samling av moderne, særprega bygningsformer til å undra seg over. Rundt fleire av bygningane er effekten av speglblanke vassflater utnytta maksimalt. Området gir så sterke visuelle inntrykk at det ved første gangs besøk i området ikkje fell naturleg å gå innandørs.

Gulliver er eit leikeapparat det er lett å få auga på frå verdsrommet. Parken omkring gjer det trygt for barn å ta seg fram hit, sjølv om byen elles er stor og utrygg. Her skimtar vi også litt av ei av dei mange (12-14) bruene som kryssar parkdraget. Bruene har ein viktig funksjon sjølv om vatnet i elva er flytta til eit anna elvefar. Biltrafikken kan kryssa grøntdraget utan å vera ein barriere for alle dei som oppheld seg her.

Sjølv om elva er borte er vatn og fontenar viktige innslag i parken. Andre element som desse klassiske søyleportalane er med på å gjera det lettare å orientera seg om kvar i parken ein er.

Den underlege botaniske hagen ligg under ein konstruert himmelkvelving. Her har arkitekten Santiago Calatrava vore på ferde som i mange av dei andre nye og spesielle bygningane som utgjer eit slags klimaks i den nedre delen av parken. Inngangspartiet til den lange botaniske promenaden er ei rad med portalar som nesten ingen ende vil ta. Her er tre av dei:


Ein annan gong må det også bli eit besøk innanfor L'Hemisfèric, Museu de les Ciènces Prinsipe Felipe, Palau de les Arts, L'Oseanogràfic og resten av dette underlege området - når det måtte bli ferdig. Link.

This page is powered by Blogger. Isn't yours?

Abonner på Innlegg [Atom]