fredag 19. september 2008
Byar i Belgia - Flandern
Leuven har eit overdådig pynta sein-gotisk rådhus (1448 - 1469) som nesten er til å le av. I nisjer i fasaden er det plassert heile 236 skulpturar. Framfor rådhuset ligg Grote Markt og katedralen St. Peter's Church (1425–1500). Manifestasjon av verdsleg og religiøs makt ved den store møteplassen, torget Grote Markt midt i byen, er typisk for utforminga av mange byar frå mellomalderen. Like ved ligg dessutan Oude Markt (det gamle torget) og Bloemenmarkt, og litt leger borte ved ein kanal ligg Vismarkt (fisketorget).

Hasselt - byen med gratis kollektivtrafikk
Ja, det er sant, det er gratis å reisa med bussane i Hasselt, og det har det vore i meir enn 10 år. I staden for å bruka budsjettmidlar til å utvida og regulera biltrafikken, har dei prioritert tiltak for kollektivtrafikken. Frå stasjonen og inn til Grote Markt går det ofte bussar, det gjer det også på ringvegen rundt sentrumskjernen. Studentar og transportforskarar reiser gjerne til Hasselt for å sjå kva dei har oppnådd med transportpolitikken sin. Andre ?- dreg på studieturprega ferie eller ferieprega studietur til byen med ca. 77.000 innbyggjarar.

Byen hevdar elles å vera best på "den gode smaken", som eg tolkar må ha med mat å gjera .
Diest
Neste by Diest, "een bruisende stad" (ein travel/levande by), er vesentleg mindre enn Hasselt. Eg stoggar for å sjå om byen har dei same kjenneteikna som andre av dei eldre byane her i Aust- Flandern. Ringvegen, eit sentralt torg, rådhus, ei storslått kyrkje - alt er der, sjølv om kyrkjetårnet aldri vart ferdig. Konkurransen om å byggja høgare tårn enn andre har vore krevjande for mange av byane.

Lier
Her kan eg underskriva det andre har sagt før: "Unspoiled by mass tourism, the small but beautiful city of Lier lies waiting to be discovered by those who love a friendly and pleasant atmosphere in a beautiful setting, rich in monuments. Lier lies inbetween the cities of Antwerp and Mechelen and at about 45 minutes from Brussels."

Mechelen
I Mechelen ruvar tårnet på St. Rumboldskatedralen på lang avstand. Tårnet skulle eigentleg vore nesten dobbelt så høgt, 167 m. Her er det sett frå Grote Markt.




Antwerpen
Namnet på byen kunne vore Handwerpen etter legenden om ei kjempe som krov toll av alle som kryssa elva Schelde, og dei som ikkje kunne betala for seg fekk handa avhogd. Ein dristig romersk soldat med namnet Brabo tok opp kampen og greidde å hogga handa av kjempa og kasta ho i elva. Det finst også andre meir naturlege forklaringar på bynamnet. Likevel har skulpturen framfor det monumentale og flaggpryda råduset nettopp denne legenden som motiv.
Antwerpen overtok som ei viktig verdenshamn etter at sjøtilkomsten til den andre hamnebyen Brügge vart vanskelegare ein gong på 1500-talet. Frå denne blomstringstida har byen store kunstskattar. Den gigantiske katedralen "Onze Lieve Vrow Kerk" tok det meir enn 200 år å byggja. Også her måtte dei avslutta bygginga på eit tårn før det var ferdig, men det eine tårnet på 123 m er fullført.
I nærleiken av katedralen står skulpturen av den store kunstnaren Petro Paulo Rubens, som voks opp i Flandern, hadde ei læretid i Italia, også eit lengre opphald i Spania inntil han slo seg ned for godt i Antwerpen. Inne i katedralen er det store målarstykke på frittståande altertavler signert av Rubens som det ofte vert vist til i kunsthistoriske bøker: "Krossen vert reist"(1611) og "Nedtakinga frå krossen "(1614). Dette er sentrale bibelske motiv som mange biletkunstnarar har arbeidd med. Rubens si framstilling av av desse hendingane er kanskje mellom dei mest gripande. Detalj frå ei av altertavlene:Med desse store kunstskattande innafor veggene er det ingen grunn til å gå og driva i gatene. Koninklijk Museum for Schone Kunsten er ein labyrint av utstillingsrom som ein treng god tid på å gjennomgå. Her finst og døme på at menneskja strevar mot det himmelske, som det å byggja høge tårn på katedralar eller på andre måtar. Babels tårn kjenner vi frå bibelhistoria er malt i fleire variantar. Eit av bileta (frå ca. 1560) til Pieter Bruegel d.e. heng i Antwerpen.


Abonner på Innlegg [Atom]