søndag 21. september 2008
Fleire byar i Belgia
Sint Niklaas
Namnet tyder på at det har noko med julenissen å gjera, og det er kanskje rett, for like framfor rådhuset står det ein skulptur av han. Men det som er mest spesielt med denne byen må vera Grote Markt, som skal vera det største torget i Belgia. Plassen har trafikkerte gater på 3 sider. For at desse trafikkårene ikke skal framstå som barrierer for gåande og syklande, er det lagt særleg vekt på å laga godt synlege kryssingar. Fotgjengarfelta har glastak, og busshaldepassar er skilt frå dei andre køyrefelta med ein skjermvegg.
Gent - ikkje berre ein sykkelby
Frå togvindauget legg ein merke til kyrkjetårna eit stykke unna, men ei telemast har diverre teke opp konkurransen. Frå jernbanestasjonen, som ligg der toglinja tangerer byen, er det eit godt stykke inn til sentrum i byen, altså høveleg sykkelavstand. Byen er om lag like stor som Bergen i innbyggjartal, ca. 250.000. Talet på parkerte syklar ved stasjonen og i nokre av gatene i nærleiken er enormt. Frå stasjonen og innover til sentrum kan ein følgja godt merkte sykkelfelt, men her er og fleire idylliske kanalstrekningar som det går an å sykla langs dersom ein vil unngå meir trafikkerte gater.



Brügge
Brügge står på UNESCO si verdsarvliste, og det er vel fortent. Difor er sentrum av byen full av turistar. At det er folk i byen er viktig for at gatemiljøet skal bli levande og gje lønsam drift for handels- og serviceverksemder. Men ein by der gatelivet er dominert av turistar kan bli for mykje prega av souvenirbutikkar, grupper på omvisning og ventande bussar i randsona utanfor. Markt er den store torgplassen, dei gotiske gavlfasadane har stått der i rundt 600 år, men dei har nok også vore fornya gjennom hundreåra. Nokre av dei mest representative bygningane fekk nygotisk stil på 1800-talet.
Ingen som går inn på denne store plassen kan unngå å få med seg klokketårnet på 83 m, som vart fullført slik det står i dag i 1486. Tårnet ruvar over det store industri- og handelshuset for klesvarer, som mykje av næringslivet i middelalderen både i Brügge og andre byar i Flandern var basert på. Brügge var ein gong ein stor handelsby der varer kom inn sjøvegen og tårnet var byens landemerke, slik det framleis er, men også eit uttrykk for makt og rikdom. For oss i dag ser tårnet ut til å vera heilt ute av proposjonar i høve til den undertrykte bygningen det står på.
Sjølv om det historiske Brügge er godt bevart, har byen også nye bygningar, som til dømes ein moderne konserthall. På den store plasssen i nærleiken står det fleire skulpturar rundt ein fontene, mellom anna denne morosame gruppa med syklistar laga av Stefaan Depuydt and Livia Canestraro. Her er bilane fjerna frå overflata ved at ei gjennomgåande hovudgate er lagt i tunnel under plassen.

Kortrijk
Denne byen ligg ikkje langt frå den franske grensa. Likevel høyrer byen til Flandern. Byen har hamn fordi kanalar for skipstrafikk går gjenomm åker og eng heilt inn hit. Mange av byane i Belgia har klokketårn (Belfort) som er gitt vernestatus gjennom UNESCO. Slik er det også med klokketårnet i Kortrijk som står på Grote Markt. Der finn vi sjølvsagt også rådhuset.

Syklane er pent parkert i eit parkeringsanlegg langs perrongen på stasjonen. Her har dei forstått kor viktig det er at avstanden frå sykkelen til toget er så kort som mogleg.
Aalst
På veg til Aalst med tog, den nest siste av byane, er spørsmålet: Har den same hovudform og innhald av sentrale byplanelement som dei andre? I så fall ventar eg å finna ein sentral plass, Grote Markt, med ei stor kyrkje eller katedral i nærleiken, eit rådhus, eit par hovudgater som fører inn til plassen, kanskje eit klokketårn, ein alternativ plass i tillegg til den sentrale torgplassen, gater som utgjer ein ring rundt sentrum, ein kanal for skipstrafikk ikkje langt frå sentrum og ein jernbanestasjon med ein større plass for busstrafikk m.m. i nærleiken av sentrumsringen.



Brüssel - Bruxelles
Brüssel ligg eigentleg i det flamske området, men er meir knytt til den franske delen av Belgia. Byen er den nye hovudstaden i Europa, og dette er i ferd med å setja sitt preg på byen. Den eldste delen av sentrum er ikkje utsett for vesentleg ombygging, men andre delar med nyare bygningar frå tidleg etterkrigstid er alt i ferd med å bli fornya.
Grand Place (fransk) er den plassen alle bør sjå, men her ofte ein flaum av turistar. Spesielt stor er tilstrøyminga den helga i august då plassen er pryda med blomster slik den var denne gongen. Plantene i alle fargar som utgjer golvteppet på plassen er belgisk Begonia, noko det ikkje vert lagt skjul på i reklamen.
Ikkje langt frå Grand Place ligg eit av dei første galleria med glastak som vart bygde i fleire storbyar då teknikken gjorde det mogleg. Galeries Royales Saint-Hubert vart bygd i 1846. Ein del finare butikkar finst her, men serveringsstadene har overteke noko av plassen, for dei mange tilreisande til byen må ha mat under opphaldet, gjerne i desse historiske omgjevnadene. Førebels er det god plass ved borda, så her er det berre å slå seg ned, ta fram kartet og telja over kor mange byar det kan vera i Belgia.
Den byen som er nemnt i ein av Aleksander Kielland sine romanar, ka for ein by var no det?
Abonner på Innlegg [Atom]