tirsdag 7. oktober 2008

 

Stockholm

- -
Flagget i gult og blått med Stocholm sitt byvåpen, skytshelgenen St.Erik, vaiar i gråveret på plenen utanfor Stadshuset. Herifrå ville det vore triveleg å sjå meir av byen med båt, men i dag kan det vera lurt å finna transportvegar under tak, som det finst mange av i denne byen.

Tunnelbana i Stockholm blir påstått å vera verdens lengste kunstgalleri. Nokre stikkprøvar stadfestar at det finst mykje kunst på dei underjordiske stasjonane. Toga kjem ofte, og dersom ein vil ta seg tid til å sjå kunsten, må ein helst ikkje ta det første toget som kjem, men venta til neste. Her er eit døme på korleis kunsten spelar saman med rommet på stasjon Rådhuset. Ein del av ei klassisk søyle støttar taket ved perrongen i eit grotteliknande stasjonsområde. Kunstnaren er Sigvard Olsson, 1975.

I korridorane på T-Centralen er tak og vegger dekorerte av mange ulike kunstnarar. Her er arbeidsfolk på stillas framstilte i veggmaleria til Per Olof Ultvedt, 1975, med blått som hovudfarge.

T-Centralen i sentrum er det store knutepunktet i tunnelbanesystemet. Herifrå går det 2 trafikkspor i kvar retning forbi Gamla Stan til Slussen, som ligg på sørsida av det eine sundet som deler byen. På kvart spor kan det gå tog med 6 vogner kvart 2. minutt. Dersom dette sambandet skulle vore erstatta med ein bilveg med like stor kapasitet, ville det vore trong for 30 køyrefelt vert det opplyst. Å ta tunnelbana skal vera trygt og triveleg. På stasjonane kan ein lesa ei personleg melding frå stasjonsmeistaren som ser omlag slik ut.

Ein spasertur gjennom Gamla Stan høyrer med når ein er i Stockholm. I nokre av gatene ligg souvenirbutikkane tett, men samstundes vert ein stadig minna på at dette er kjernen i det gamle Stockholm, ein by som i mellomalderen ikkje var særleg større enn den vesle øya som i dag berre utgjer eit lite frimerke i den svenske hovudstaden.

Byen har vakse i mange retningar, særleg langs tunnelbanenettet. Den første linja vart teken i bruk i 1952. I mange år vart nye drabantbyar som Vällingby, Skärholmen og Farsta etablert som stasjonsbyar på linjenettet. I dei seinare åra har byfornying og transformasjon av meir sentrale område vore gjennomført. Eit av dei mest kjende områda er Hammarby sjøstad, der utbyggingsprinsippet er meir basert på ideear om "nyurbanisme" og vekt på å val av økologisk berekraftige løysingar. Ein vil ein unngå drabantbypreget og stimulera til tradisjonell kvartalsutbygging med bybana som ein del av gatemiljøet der butikkar og service ligg i 1.etasje og bustader i etasjane over. Nærleik til sjøen er med på å gje området fine miljøkvalitetar.

Også i Stockholm har det vore lagt betre tilrette for syklistane dei siste åra, og det har ført til ein kraftig auke i talet på syklistar. Biltrafikken er redusert gjennom innføring av ein trengselskatt. Her er ein roleg gang- og sykkelveg midt i Stockholm sentrum, berre nokre hundre meter frå Sentralstationen.


Kommentarer: Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]





<< Startsiden

This page is powered by Blogger. Isn't yours?

Abonner på Innlegg [Atom]