onsdag 17. september 2008

 

Madrid - kunst, historie og nye visjonar

Madrid er kjend for å ha fleire store kunstmuseum, Prado, Reina Sofia og Tyssen-Bornemisza, som alle har utvida og fått plass til å visa dei store samlingane sine. I tillegg er CaixaForum ein ny kunst- og kulturinstitusjon som ligg i ein ombygd kraftstasjon mellom dei andre musea i hovudgata, Paseo del Prado 36. Dei sveitsiske arkitektane arkitektane Jacques Herzog og Pierre de Meuron har gjort veggflatene på plassen framfor bygningen svært spennande mellom anna med denne blomstrande vertikale hagen på ein tilgrensande bygning og ein rustraud perforert vegg på sjølve kulturbygget.

Spania har gjort store økonomiske framskritt i åra etter Franco-regimet, kanskje eit resultat av at demokratisk fridom har gitt auka verdiskaping og at ein stor turistindustri har vakse fram. Reiselivet er ikkje berre basert på solbadarar, men også kulturinteresserte og kjøpesterke forretningsfolk. I Madrid kjem dette til uttrykk mellom anna i form av nye byggeprosjekt. Elegant og litt minimalistisk, men med særpreg reiser nye skyskraparar seg langs ei av innfartsårene i Cuatro Torres Business - området.


Her ser vi frå venstre Torre Caja Madrid, 250m høg, (ark:Fosters & Partners), Torre Sacyr Vallehermoso, 52 etg. , ein del av Torre de Cristal, og utanfor biletet ligg Torre Espacio. Langs hovudgata framfor skyskarparane er det eit romsleg fotgjengarstrok som snart vil bli befolka av dresskledde forretningsfolk og utandørs serveringstilbod.
Lenger innover mot sentrum ligg flere elegante høghus, Torre Picasso og Torre Europa, men det er dei to tårna som er kalla Europaporten, Puerta de Europa, med ein helningsvinkel på 15 grader som tek prisen. Hit må ein berre ta med seg kamera og fotografera.


I framgrunnen ruvar (fotografen har juksa litt her) eit minnesmerke over Calvo-Sotelo, som vart gravlagt etter 3 dagars landesorg den dagen dette biletet vart tatt. Han vart medlem i regjeringa då Franco-diktaturet tok slutt. Då han skulle overta som statsminister i 1981, vart det gjort forsøk på militærkupp, men etter at det vart slått ned, kunne han halda fram som statsminister. Den demokratiske utvikinga i åra etter kan bidratt til den velstandsutviklinga som landet har opplevd, noko som også kanskje er grunnen til at Calvo-Sotelo vart særleg høgt respektert.

Slik vil det sjå ut om eit års tid på plassen mellom dei to skråstilte høghusa, Plaza de Castilla. Casa Madrid (banken) vil markera sitt 300 års jubileum med ein gigantisk bauta, ein obelisk av bevegelege messingrøyr forma av arkitekten Santiago Calatrava. Obelisken, som vil bli svært kostbar, understrekar at denne byaksen skal ha høg status.

Tilbake i den gamle bykjernen gjer det godt å slå seg på ein fortauskafe på eit tilfeldig gatehjørne. Her i sentrum er gatenamna brent inn på keramikkflisar og montert opp på husveggene. Det er dekorativt og varig. Marques Viudo de Pontejos er ikkje eit kjent namn, men når ein har først har tatt bilete av skiltet, kunne det også vera greit å vita kven han var. Mykje tyder på at han var grunnleggjar av ein sparebank som i dag byggjer den høgaste skyskraparen i Madrid, Torre Caja Madrid, som eg nyleg har studert. Det er same banken som står bak planen om den bevegelege obelisken som eg la merke til i eit avisoppslag!
Elles er dette namnet på ein flink "skomakar" : José Luis Rodríguez Zapatero.

Kommentarer: Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]





<< Startsiden

This page is powered by Blogger. Isn't yours?

Abonner på Innlegg [Atom]