torsdag 11. september 2008
Den romerske byen Moguntiacum - Mainz
Tidleg i mai 2008
Byen Mainz var ein gong ein viktig romersk by der han låg godt plassert ved Rhinen. I nyare tid voks byen, jernbana vart bygd på bru over elva, rundt den gamle byen til stasjonen, som ligg eit stykke ifrå elvebredden.
For nokre tiår sidan vart det oppdaga at jernbanesporet og ein haldeplass var bygd langs med og nesten tvers gjennom eit stort romersk teater med plass til ca. 10.000 tilskodarar.
I dag ville det nok vore utenkjeleg å godkjenna ei slikt inngrep i eit verdfullt kulturminne. Teateret er no grave fram, nokre av tribunene er rekonstruerte og teateret er ein av turistattraksjonane i byen. http://www.theatrum-mainz.de/
Byen Mainz var ein gong ein viktig romersk by der han låg godt plassert ved Rhinen. I nyare tid voks byen, jernbana vart bygd på bru over elva, rundt den gamle byen til stasjonen, som ligg eit stykke ifrå elvebredden.
For nokre tiår sidan vart det oppdaga at jernbanesporet og ein haldeplass var bygd langs med og nesten tvers gjennom eit stort romersk teater med plass til ca. 10.000 tilskodarar.

Abonner på Innlegg [Atom]