onsdag 10. september 2008
Hundertwasser - Darmstadt
Kunstnaren Friedensreich Hundertwasser har teikna eit byhus, "Die Waldspirale", som fyller eit heilt kvartal i Darmstadt. Ingen vinklar er rette, dører og vindauge er ulike, bygningsmassen er forma som ein spiral med hage på taket som ein kan gå opp gjennom til ein nermar seg fleire eventyrliknande forgylte tårn. Ideear om økologisk husbygging, kreativitet og personleg frigjering gjennomsyrar dette og andre prosjekt som Hundertwasser har forma. Det finst ein restaurant i bygningen, men elles er den ikkje open for omvisning meir enn ein gong i månaden.
Darmstadt har også med tysk "gründlichkeit" laga eit bykart som viser korleis byen er tilgjengeleg og universelt utforma for at alle skal kunne ta seg fram. På kartet kan ein finnna opplysningar om offentlege bygningar, toalett, lyskryss med særlege innretningar, gater med stigning og korleis en skal ta seg fram for å unngå barrierar, trapper, fortauskantar o.l. Inngangsparti til offentlege bygningar er særskilt merkte på kartet.
Darmstadt er legg vekt på å framstå som ein by med eit sterkt forskningsmiljø som har ein sentral plass i byutviklinga. Ein virtuell tur i byen illustrerer dette på internett. Her er det mogleg å gå heilt inn i seminarrommet på kongressenteret "Darmstadtium".
Abonner på Kommentarer [Atom]