torsdag 11. september 2008

 

Sjakkbrettet i Mannheim. Bil- og sykkelbyen

Sentrumsgatene i Mannheim liknar på eit sjakkbrett, men nummereringa av kvartalsrutene startar nedanfrå og går oppover og utover frå ei midtlinje, ein hovudakse, ein slags 0 -meridian. Inndelinga har kanskje ein viss likskap med gatene i New York, der gater og avenyar også er nummererte. Heilt skjematisk ser det sentrale byområdet slik ut:

Sentrumsområdet i byen er avgrensa av Rhinen og sideelva Neckar. Som det framgår av "sjakkbrettet" er kvartala O1, D5 og G1 ikkje bebygde, men er viktige, sentrale plassar og parkanlegg. I området ved Wasserturm har byen også ein ekstra symmetri, langs ei av hovudgatene mot aust. På eit bykart frå året 1725 ser vi at byen var tenkt som ein solid festningsby. I dag er bymuren borte og erstatta av ein ringveg.

På jernbanestasjonen er det lett å få låna seg ein sykkel for å prøva ut korleis sjakkbrettet fungerer. Ver førebudd på ein del einvegsregulerte gater. Her er forresten butikkfasaden til Engelhardt Haus i ei av sentrumsgatene.

Mannheim er byen der både bilen og sykkelen vart utvikla på 1800-talet. Carl Benz, framstilte ein bil som vi i dag kjenner som Mercedes Benz. Litt sør for byen, i Ladenburg, ligg Carl Benz Automuseum der både eldre og nyare modellar er utstilte. Her står også nokra av dei første syklane, som vart kalla laufrad/ laufmachine, "løpesykkel", utprøvd av Karl Drais. Sykkelen vart også kalla Draisine, til bruk på skinnegang. Framfor museet står denne figuren:



Sykkelramma var laga av treverk. Sykkelen mangla pedalar, men setet var langstrakt og kunne brukast som tosetar/tandemsete. Karl Drais tok patent på sykkelen, men vart ikkje rik av det. Det vart derimot etterkommarane til Carl Benz.


Kommentarer: Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]





<< Startsiden

This page is powered by Blogger. Isn't yours?

Abonner på Innlegg [Atom]